Program

Vi versjonerer koden. Kvifor ikkje arbeidsmåten?

Andreas Olsen Gulla

Lightning Talk — 13:10 - 13:20 — Kongesalen 1

Vi bruker fort mykje tid på å sette opp miljø, finne rett script og forklare AI-agenten korleis vi jobbar. Oppskrifta ligg gjerne spreidd mellom README-filer, chatmeldingar og hovudet til ein kollega. Kva om vi samla dette i eit felles workspace?

Eg vil vise korleis vi bruker eit workspace til å dele verktøyoppsett, kommandoar og AI-instruksjonar på tvers av repo – utan å samle all koden i eit monorepo. Målet er at oppsett og vanlege oppgåver kan køyrast utan manuelle mellomsteg eller beskjedar om at «du må berre fikse denne tingen først». Både utviklarar og AI-agentar bruker dei same rutinane, og forbetringar kan delast med heile teamet.

Ein praktisk lyntale om mindre oppsettsrot og mindre gjenteken forklaring. Du får sjå korleis delane heng saman, og korleis du kan starte enkelt i ditt eige team.